"Ranselen" oppdatert
InfoPublisert 12.08.2010
ransel

Nye oppdateringar under rullegardina "Ordensreglar " i Ranselen.

Les meir | Arkiv
Vurderingskurs i Nordfjord august 2010
InfoPublisert 10.08.2010
vurderingskurs 2010 - 1

Skuleåret 2010/11 starta opp med kurs for lærarar 10. og 11. august. Den 10. august var det samla nesten 400 lærarar i Stryn Kulturhus og Samfunnshallen i Måløy.

Tema for kursdagane i år er vurdering og klasseleiing.

Les meir | Arkiv
Nettside om digital mobbing
InfoPublisert 02.08.2010

Ei ny nettside har blitt lansert av Teknologirådet, Senter for IKT i utdanningen og Datatilsynet sammen med Medietilsynet og Utdanningsdirektoratet. Sida omhandlar digital mobbing og kan brukast i forebyggingsarbeidet med born og unge.

Innføring av Feide i Nordfjordregionen
InfoPublisert 13.07.2010
Feide

Innføring av Feide har vore gjennomført som eit samarbeidsprosjekt i Nordfjordregionen. Med økonomisk støtte frå Fylkesmannen, Tilskot til fornying i offentleg sektor og IKT for 2008, vart prosjektet gjennomført i løpet av 2008/2009.

Feide står for Felles Elektronisk IDEntitet. Feide er eit nasjonalt tiltak for heilskapleg identitetsforvalting i utdanningssektoren. Sikker identifisering av elevar og lærarar er nødvendig for å gje riktig tilgang til digitale ressursar og tenester. Feide let personar som er knytt til norske utdanningsinstitusjonar identifisere seg via ei felles innloggingsteneste som avgrensar flyten av personopplysningar til det som er nødvendig for å oppnå ønska tilgang.

Presentasjonar frå LUIN10
InfoPublisert 02.03.2010
Anders Härdevik

Presentasjonane Anders Härdevik hadde under samlinga i Loen er no lagde ut. Dei er samla i ei fil som kan lastast ned i pdf-format.

Presentasjonen finn du her.

Frode Søbstad sine presentasjonar ligg her:
Læringsmiljø
Rammeplanen
St.meld. nr. 41

Kvalitetsløft for barnehagane i Selje kommune
InfoPublisert 24.11.2009
Kvallitet i barnehagen 1

Det siste halvåret har alle barnehagane i Selje kommune teke del i eit utviklingsprosjekt som har har hatt fokus på  m.a. leiarane i barnehagane. Gjennom dette tiltaket har vi innførd resultatleiing som metode for barnehageområdet i kommunen. Arbeidet med kvalitetsheving av innhaldet i barnehagane i kommunen er difor godt i gong (jmf. Kvalitetsmeldinga).

Prosjektet starta med at innleigd kompetanse møtte alle tilsette i barnehagane i mai --og gjennom dette motiverte og sette startskotet for tiltaket. Styrarane og dei pedagogiske leiarane har hatt fleire treff med Marianne Zalik før prosjektet vart avslutta med ei ny felles-samling i midten av november

Nytt på nytt
InfoPublisert 16.11.2009
Voksenopplæring

Prosjektet Nytt på Nytt startar opp med fellessamlingar 8. desember 2009.

Nytt på Nytt er tilbod om oppfølging av nyutdanna og nytilsette lærarar og førskulelærarar. Høgskulen i Sogn og Fjordane har ansvaret for opplegget.

Kvalitetsundersøking i barnehagane i Nordfjord
InfoPublisert 10.09.2009
Sandkassa

Forfattar: Svein Ole Sataøen, HiSF

Forum for barnehageutvikling i Nordfjord (med det sjølvsnikra namnet FBI-Nordfjord) står ansvarleg for ei omfattande undersøking omkring kvalitet i barnehagane i dei sju kommunane i regionen: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy.  Gjennom undersøkinga har ein fått fram kva foreldre, føresette og dei tilsette tykkjer er viktig i barnehagekvardagen, for at kvart enkelt barn skal få oppleve god kvalitet i sin barnehage.

Resultatet av undersøkinga skal i neste omgang bli eit av grunnlaga for arbeidet med revisjon av Kvalitetshandboka - Handbok for barnehagedrift i Nordfjord. I handboka skal ein ha med eit eige kapittel om kvalitet i barnehagen. Både foreldre, føresette og dei som arbeider i barnehagen fekk soleis gjennom denne undersøkinga høve til å vere med å påverke kva barnehagane i regionen skal legge vekt på i tida som kjem.

Nordfjordkurs 2009 - for tilsette i barnehagane
InfoPublisert 04.09.2009
kurs

Den 5. oktober vert det arrangert tre kurs for tilsette i barnehagane. Påmeldingsfrista er no gått ut, og kurspåmeldinga er stengd.

Oppsummering frå erfaringskonferanse
InfoPublisert 27.05.2009
Erfaringskonferanse 19. mai

Den 19.05 blei det arrangert ein erfaringskonferanse for prosjektet "Rett utdanningsval i Nordfjord". Ca 55 deltagarar frå heile Nordfjord hadde funne vegen til Bryggja grendahus for å dele erfaringar og oppsummere frå dei tre prosjektåra.

Sophus
Selje
Gloppen
Hornindal
Stryn
Bremanger
Vågsøy
Eid